Dette er ein absolutt fulltreffar om du har lite tid til matlaging og samtidig lyst til å gje gjestane noko spesielt. Alle eg har laga denne til, har spurt om oppskrifta. Og den er enkel å forklare:
Set steikeomnen på 200 grader. Legg hermetiske fersken (utan lake) i botnen av ei eldfast form. Del opp ein grilla kylling og legg bitar av denne i botnen av forma mellom ferskenbitane. Ikkje bruk skinn, bein, eller fett, berre reine bitar av kylling. Slå over 1/3 liter kremfløyte. (Ikkje bruk matfløyte, for den skil seg under oppvarming i denne konteksten.) Strø over hakka mandlar og legg riven ost eller osteskiver på toppen. Set forma i varm omn og lat den stå i 20-30 minutt til osten er smelta og gyllen.
Server saman med salat og brun ris. Len deg tilbake og nyt grådigheitspausen og rosen etterpå.
Kommenter innlegget