Her er ei eplekake eg har hatt suksess med. Eg hadde den med på ein hagefest, og eg skal seie at fatet vart skrapa, det var ikkje ein smule igjen. Kaka var så god at ein av gjestane presterte å ta æra av å ha laga den, i rein forfengelegheit i lett berusa tilstand. Ho ringde dagen etter og unnskyldte seg.
Fort gjort å lage kaka. Den kan nemleg settast i kald omn:
Skjer opp eple og legg i botnen på form. Lag deig av:
2 koppar mjøl
2 koppar sukker
1 egg
2 ts bakepulver
og strø over epla. Kanel og kutta mandlar på toppen. Smelt smør tilsvarande ein kopp og slå over deigen. Set den i kald omn på 175 grader i 45 minutt. Is eller vaniljekesam er godt til.
Len deg tilbake og nyt ros frå gjestane. Dette er ei skrytekake. Ver på vakt om nokon vil tilrane seg ufortent ros!


