Dette er ein sikker suksess, blant anna på grunn av gode og kortreise råvarer. Vi som bur i Tønsberg-området, kan glede oss over kyllingfiletar frå Stange gård rett ved byen. Desse er også å få kjøpt i hovudstaden, har eg høyrt. For å få tak i desse må du vere tidleg ute i butikken. Når det kjem forsyningar i hyllene onsdag eller torsdag, er det kanskje berre to filetar igjen fredag morgon. Så du må vere om deg og planlegge godt. Er du så heldig å få tak i slike kyllingbryst, kan du glede deg over tanken på kor godt det blir.
Du treng:
kyllingfiletar frå Stange (1 filet er nok til to personar)
bacon
salt
pepar
smør og olje til å steike i
Begynn med å setje steikeomnen på 200 grader.
Ta kyllingfiletane ut av pakningen og skyll dei i kaldt vatn. Tørk med hushaldingspapir. Det er viktig å tørke dei, elles blir dei ikkje brune på den fine måten.
Ha litt smør og litt olje i steikepanna på litt over middels varme. Dryss salt og peller på filetane, og hugs for all del at kyllingbrystet skal ha skinnet på. Når smøret og oljen har slutta å boble i steikepanna, legg du kyllingfiletane i og steiker ca 2 minutt på kvar side, til filetane er blitt gylne, men ikkje brende. Legg filetane pent ved sida av kvarandre i ei eldfast form.
Pakk kvar filet inn i minst to baconstrimlar. Set forma i omnen og steik filetane i 20-30 minutt, alt etter kor tjukke dei er. Dersom gjestane kjem seinare enn planlagt, kan du setje omnen på 180 grader etter ei stund. Dette hindrar at filetane blir tørre om dei må stå lenger enn planlagt.
Del kvar filet i to ved servering.
Når eg lager dette, bruker eg salat og potetmos som tilbehør om sommaren, og rotgrønsaker steikt i omn og potetmos om vinteren. Eg må også få nemne at Stange-kylling-produsentane lager ei vidunderleg kraft du kan bruke som basis for saus. Du finn dei ved sidan av filetane i butikken, Eg bruker å spe med fløyte, og det blir godt!
Synes du dette var ei detaljert oppskrift? Dette er ingen ting mot det vi finn i kokebøkene til Julia Child (kjend frå filmen Julia og Julia). Eg har bøkene på svensk. Meir om dette i ein annan post.


