Denne ideen har eg fått frå Svein Lorentzen mens vi var på konferanse i Santiago de Compostela i september 2009. Vi fekk servert and, og det var kraftige saker med tjukt skinn, men med mørt kjøtt. Då fortalde Svein at han brukte å lage andeconfit og inspirerte meg med forteljingar om grønt tilbehør. Vel heime i Tønsberg gjekk eg rett på Meny og kjøpte Andeconfit frå Stange gård rett utanfor Tønsberg. Det var rett i ovnen saman med litt rotgrønnsaker i forma. Steiketid 20 minutt og veldig godt og mørt då det var ferdig. Dersom du må la det stå i omnen lenger enn planlagt, er det berre å setje termostaten på steikeomnen på 180 grader, så blir det ikkje tørt så fort. Rødvinssaus frå Stange kan du også kjøpe på Meny, dyrt og eigentleg tenkt til kylling, men godt også til and. Tanken på at anda er kortreist, er særleg inspirerande og gjer også at det smakar ekstra godt.
Sider
Slik såg eg ut for nokre år sidan:
SkrivemasterbloggenKalender
desember 2009 M T W T F S S « Sep 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 -
Flickr Photos



More Photos Arkiv
Meta
-
Siste kommentarar
- Norunn on Nye oppskrifter
- Cecilie on Nye oppskrifter
- Cecilie on Endeleg fann eg fram til bloggen min igjen etter langt fråvære…
- Cecilie on Endeleg fann eg fram til bloggen min igjen etter langt fråvære…
- Roar Kristoffersen on Fellesemnet
Kategorisky
-
Blog Stats
- 371 hits
-
Top Posts
- Ingenr
-
Top Clicks
- Ingenr
-
Forfattarar