Den som er interessert i å lese ein god tekst om eit menneske, kan lese teksten “Det mennesket gløymer eg aldri” av Einar Økland. Der kombinerer han eiga erfaring som sjukepleiar med tankar om galskapens vesen, og det på ein poetisk måte. Det interessante med teksten er at vi ikkje veit om den er sann eller oppdikta. Mange av skrivestrategiane peikar mot at teksten er opplevd, men på den andre sida er teksten ein pastisj over tekstar som var på trykk i magasinet Det Beste, med tittelen “Det mennesket gløymer eg aldri.” Det fekk meg til å tenkje p åat Eva og eg skriv ei bok saman om kysset i eit semiotisk perspektiv. Er det nokon der ute som har ei god forteljing om kyssing? Det treng ikkje nødvendigvis vere Mitt første kyss, som i Romantikk og Love ein gong i tida. Men noko som inneheld både forteljing og tankar om kyssing. Du treng ikkje skrive under fullt namn.
Tankar etter skriveverkstaden i dag og forteljingar om kyssing
august 27, 2007 av Norunn


