Ta ein titt på denne lenkja! Stakkars jente som har late seg intervjue om kulturpolitikk. Journalisten har kanskje ikkje visst kva han gjorde, han heller?
Ta ein titt på denne lenkja! Stakkars jente som har late seg intervjue om kulturpolitikk. Journalisten har kanskje ikkje visst kva han gjorde, han heller?
Posta under Uncategorized | Legg att ein kommentar »
Her er ei lenke til informasjon om disputasen min den 7. november. Emnet angår alle: metaforar om kommunikasjon i lærebøker. Her tek eg for meg både kvardagsspråket og fagspråket vi bruker om kommunikasjon.
Eg vil gjerne mange tilhøyrarar. Etter disputasen blir det servering av forfriskningar i foajeen på Helga Engs hus på Blindern. Der kjem du sikkert til å treffe kjentfolk.
Posta under Uncategorized | Legg att ein kommentar »
Eg har no lagt ut to nye oppskrifter under God mat, ei om kylling og ei om brød. Prøv, og gje meg gjerne tilbakemelding.
Posta under Uncategorized | 2 kommentarar »
Eg øver og øver på å blogge for å sikre at eg ikkje gløymer kunsten. Eg har forresten lagt ut oppskrift på eplekake under sida God mat. Fleire oppskrifter kjem…
Posta under Uncategorized | Legg att ein kommentar »
Det var fint å finne igjen bloggen sin. Eg har ikkje hatt tid til å skrive her på lenge, blant anna fordi eg har halde på med å skrive ei avhandling om metaforar. Avhandlinga er levert, og er blitt godkjend, så no blir det disputas 7. november. Det blir spennande! Alle som les dette, er velkomne til disputasen. Eg kjem tilbake med opplysningar om tid og stad.
Posta under Uncategorized | 2 kommentarar »
Som de ser, har eg no greidd å legge inn eit bilde. Bildet er i alle fall ti år gammalt. Dette til orientering.
Posta under Uncategorized | Legg att ein kommentar »
Dte går ikkje akkurat fort framover med denne bloggen. Snart skal eg få lagt inn sider og få henta inn stoff frå nettsida mi. Det skal bli betre…
Posta under Uncategorized | Legg att ein kommentar »